BOKLANSERING: NAUSTLANDET

Velkommen til lanseringsfest for Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth si nye bok «Naustlandet»! 
Rommet, Bergen«Naustlandet» er den nyaste i rekkja av bøker som dokumenterer verdfulle bygningstradisjonar i Noreg, etter suksessane «Norges låver», «Av stein», «Klyngetunget» og «Vestlandshus». Så lenge folk har halde seg med båtar, har det vore bruk for naust som ly for vind og vêr. For fiskarbonden var naustet ein like viktig driftsbygning som løa, men i dag er det annleis. Mykje tyder på at det norske naustet som kulturhistorisk landemerke står i fare for å forsvinne, og det i eit høgt tempo. Etter ei forseinking frå trykkeriet, skal vi feire at boka endeleg er her! Det gjer vi med ei feiring på Rommet i Bergen! Det blir taler ved forlaget, bokpresentasjon ved forfattar Eva Røyrane og fotograf Oddleiv Apneseth. Det blir også mingling og mogleg å skaffe seg ein signert utgåve av boka.